Hopp til innhold

Her er Daniel May Instanes på eit av fjorårets NC renn for junior. I år han blitt senior.

Endeleg i gang med kretsrenn i langrenn

Det var mange som nytta høvet i helga, når både Nyttårsrenn på Seljestad og Vargarrennet gjekk av stabelen. Endeleg vart det ei rennhelg som planlagt. Sjå resultat.

Det var Daniel May Instanes frå Fana il, som var raskast i 10 km klassisk i løypene på Seljestad. Blant damene så var det 18 årige Eivor Vestrheim Skjerven frå Bulken som var raskast på 5 kilometers distansen.

Resultat Nyttårsrenn - seljestad 7. januar 

Søndagen var det nesten 300 deltakarar på Vargar sitt renn i friteknikk på Voss-ski og tursenter. Sjølv om resultatlistene vart annleis, så var det noko som var likt på laurdag og søndag: Daniel og Eivor var dei raskaste på dei lengste distansane begge dagar!

Resultat Vargarrennet - Voss ski- og tursenter 8. januar