Hopp til innhold

Bilete frå Jølster Skisenter.

SPV Alpinsamling

Laurdag 14. januar er det klart for Sparebanken Vest Alpinsamling i Jølster Skisenter. Informasjon om samlinga er oppdatert 13. januar (kl. 12.10).

Dei siste dagane har det komt mykje fuktig natursnø i Jølster Skisenter. Skisenteret arbeider no med å skape eit fast og godt underlag. Dermed ligg det no godt til rette for at SPV-samlinga 14. januar vert avvikla som planlagt.

Daglege oppdateringar m.o.t. snøforholda i skisenteret finn ein her.

 

SPV-Alpinsamling, 14. januar 2017

Stad

Jølster Skisenter

Dato

14. januar 2017

Frammøte

Frammøte ved mellomstasjonen i Jølster Skisenter, kl. 08.45.
Heiskort kjøper ein i varmestova nederst i skisenteret før ein køyrer opp til mellomstasjonen.

Type samling

Ski

Reisemåte

Privatbilar

Påmelding

Påmelding gjer ein via skikrinsen sine nettsider.

Frist for påmelding er torsdag 12. januar, kl. 23.59.

Utøvarliste

Utøvarliste pr. 13.01.2017, kl. 10.15

Program

Laurdag 14. januar
Kl. 09.00-11.00: SL
Kl. 12.00-14.00: SL

NB! Ver merksam på at programmet for samlinga vert tilpassa skiforholda i Jølster Skisenter.

For kven

U12, U14 og U16

Måltider

Jølster Alpin organiserar lunsj til alle utøvarar ca. kl. 11.00 i skisenteret.

Lunsjen vert servert i varmestova ved Hauglandsheisen.

Heiskort

Kr. 150,- pr. utøvar.

Heiskort kjøper ein i varmestova nederst i skisenteret (før ein køyrer opp til mellomstasjonen).

Tr. avg.

Ingen treningsavgift.

Greinleiar

Atle Hamar (99 28 43 00)

Hovudtrenar

SFSK v/ Even Hole og Anders Neteland

Adm. ansv.

Yngve Thorsen, (92 60 14 21)

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
Gepa