Hopp til innhold

Meny

Smøreplass

Med bakgrunn i kommuneoverlege si tilråding om å ikkje legge til rette for smøretelt på arrangementet ber arrangør om at samtlige team/kretsar etc. stiller med eigne smørevogner.

Arrangøren tilbyr følgjande alternativ ved leige av smøreplass:

  • Oppstillingsplass for eigen lastebil                    - leige kr. 6 000,-
  • Oppstillingsplass for eigen smørevogn/-telt    - leige kr. 3 500,-
  • Oppstillingsplass for bubil                                   - leige kr. 500,-

Tilkobling av smørevogner vil vere tilgjengeleg f.o.m. onsdag 10. februar kl. 10.00.

Smøreområdet vil vere ope heile døgnet. Det vil vere vakthold på området, men alt utstyr oppbevarast på eige ansvar.

Leigetakarar er ansvarleg for at skøyteledningar og elektrisk utstyr er utan feil, og alle må halde skøyteledning sjølve.

Kontaktperson ytre arena/smøreområde: Geir Ove Holme, tlf. 952 47 340

Dei som skal vere i servicekohorten får direkte e-post med påmeldingslenke av NSF (når NSF har fordelinga klar).

Når fordeling av servicekohort er klar gjer ein bestilling av smøreplass til arrangør på e-post til ingrid.narum@skiforbundet.no seinast fredag 5. februar kl. 12.00.

Bestillinga skal innehalde:

  • Antal smørevogner
  • Ankomstdato
  • Kontaktperson med e-post/tlf.nr.
  • Fakturaadresse
  • Stadfesting for dei som allereie har meldt inn behov

Bestilling smøreplass pr. 10.02.2021