Hopp til innhold

Suldal IL - hvordan fungerer skiaktiviteten i din klubb?

Et fint eksempel for ski-Norge. Skikretsen i Agder og Rogaland tok kontakt med Suldal IL og lurte på hvordan de driftes i det daglige og fokuset på barn og unge samt de som vil satse litt ekstra. Her kan vi lære litt, uavhengig av gren.

Suldal IL hjemmeside Suldal IL facebook

Me har ei aktiv Skigruppe som er ei undergruppe under hovudstyret i Suldal IL. Skigruppa jobbar godt ilag,  og me får god støtte frå hovudstyret.

Dagens store engasjement er eit resultat av årelangt arbeid kor mangfaldet har hatt stort fokus.

Treningar

Minste gruppe: Tysdag

Det er i dag 30 barn i alderen 1.-3.klasse som er med i Skigruppa. Dei startar på barmark på skuleområdet på hausten. Fokuset på desse treningane er beveglsesglede og beveglsesmestring. Treningane er leikbasert, men med fokus på intensitet og motoriske utfordringar. Aktiviteten blir tilpassa aldersgruppa, det skal ikkje vera ein "kopi av vaksentrening". Alle barn er velkommen til å vera med og blir inkludert. Samstundes blir ungane møtt med forventingar om at dei skal delta i øvelsar og program, gjere så godt dei kan og bidra til fellesskapet. Dei tydlege rammene på treningane fungerer som ei form for skolering til deltaking i organisert idrett, kor det blir forventa at du deltar i fellesskapet med dei forutsetningane ein har.  (Ein kan altså ikkje virre rundt å gjere som ein vil).

Rulleski har blitt tona ned på treningane dei siste par åra for denne yngste gruppa på hausten.

På hausten, når vêret er ruskete er treningane for den yngste gruppa innandørs. Fokuset er allidrett og turnbaserte, men også ulike ballaktivitetar og hinderløyper. Ein fokuserer på aktivitetar som har høg intensitet og beveglesesutfordringar tilpassa aldersgruppa

Mellom gruppe: Tysdag

4-5 klasse, men her er det valgfritt om eldre hiv seg med på denne gruppa.

Vår-haust er det rulleski så langt det lar seg gjer. Startar med barmark på haust, og inne trening etterkvart. På vinter er det ski i lysløypa på Gullingen.

Dei eldste i denne gruppa har tilbudet om å bli med den eldste gruppa på trening på torsdagane om dei vil, for ein mjukare overgang til den gruppa.

Eldste gruppe: Tysdag og Torsdag

6 klasse og oppover. Her er det rulleski vår, sommar og haust. Barmark utover haust og styrketrening i gymsalen. Så snart snøen legg seg, er det ski på beina. Fokuset er teknikk, styrke og utholdenhet på eigne premisser. Her er målet at alle skal var med, lengst mogleg, og det skal var sosialt og kjekt på trening.  Ellers arrangerer me kveldskøyring i skitrekket ein tysdag ilag med mellomgruppa, for å bryte litt med det vanlige mønsteret.

Etter sesong arrangerer me også ein helgetur med fjellski innover høgheia til Krossvatn turisthytte for å berre nyte sola og naturen.

Etter sesong er treninga ofte fjellturar eller toppturar ilag.

Den eldste gjengen som no har tatt steget vidare er til stor inspirasjon for gruppa, og dei deltek på treningane heime, når dei kan.

Klubbtur: Me organiserer klubbtur kor Hovdenrennet er utgangspunkt for "hovudturen" vår. Her oppfordrar me flest mogleg til å bli med. Me organiserer program for heile helga, som skal passe til alle aldrar, også foreldre. Når Suldal IL reiser på tur enten det er her eller der, er målet at me skal framstå som eit lag. Me hjelper kvarandre så godt me kan me smørjing av ski, og det funker godt for dei nye som kjem til. 

Skirenn: Suldal IL arrangerer Suldalsrennet, Telenor karusellen og Hamrabørennet.

På samtlige renn har barneskirennet som 1. prioritet. Då ryddar me løypene for folk og har fullt fokus på dei minste, og heiar dei fram over målstreken. Når dei har fått sine premiar byrjar me med aldersbestemte klassar, som då blir heia fram av dei minste og dei eldre.

Når dei eldste startar er det alvor og Suldølen er god til å heie fram, enten det er Suldal eller andre klubbar. 

Mvh.

Suldal IL Ski

Magnus L. Bakka

NB! skal heller ikke kimse av kretsmestere, deltakere i Holmenkollen, NC deltakere m.m. Men fokuset er de yngste og mangfoldet :-)

 

nif-epi04, 04