Stafettfest i Voss ski og tursenter
Ørnar IL inviterte laurdag til Ørnarstafetten og heile 89 lag deltok. Sjå resultat frå stafettkonkurransen.
Sjølv med lite snø vart det laga til ein flott stafettkonkurranse på Voss ski- og tursenter i helga. Det var ekstra gledeleg at så mange som 267 stilte til start for dei ulike laga på året 2019 sin første langrennskonkurranse i hordaland.