
På pallen i Topolino
Madeleine Sylvester-Davik var ei av 2 norske jenter i klassen U14, som vart teken ut av Norges skiforbund for å representere Norge i Italia og Alpecimbra Fis children cup Folgaria 2019.
På det årlege store alpintarrangementet stiller nasjonar frå heile verda og i år var heile 41 nasjonar representert.
Tertnes alpin - utøvaren fekk ein fantastisk andreplass i slalåmkonkurransen i U14 klassen. I storslalåm vart det 14. plass. I tillegg fekk det Norske laget ein flott 4. plass samanlagt i konkurranse med dei andre nasjonane.
Nokre bilete frå Madelen si store oppleving.