Rekrutteringskveld i Odda
Velkomne til rekrutteringskveld i Odda tysdag 20. oktober. Me tilbyr treningsøkt for regionens rekruttar og fagkveld med tema rekruttering og anlegg.
Velkomne til ein kjekk kveld i Odda. Me inviterer alle klubbane i nærområdet til å vere med på både trening og fagleg innhald for klubbens friviljuge.
Bakgrunn: Styret i hordaland skikrets ynskjer å setje fokus på rekruttering til alle skigreinene og me har difor lyst å besøke alle klubbane som driv med skiaktivitet i hordaland. Det gjer me i naturlege soner, og fyrst ut er Odda og hardanger!
Me inviterer klubbane i hardanger til Idrettens hus - Odda tysdag 20. oktober 1730 - 2030.
Program tysdag 20. oktober
For dei som skal vere med på økta frå Idrettens hus i Odda, så organsierer de dette internt i klubbane og melder i frå til Solvor Johanson i IL Korlevoll- Odda på mail: solvor.johanson@outlook.com
For dei som skal vere med på fagdelen, så melder de dykk på via påmeldingslinken under. Me ynskjer særleg velkomne:
Klubbleiarar
Trenarar
Foreldre
Prepareringsmannskap
Anleggsansvarlige
Tidlegare aktive utøvarar
PÅMELDING REKRUTTERINGSKVELD Odda 20. okt
Målet med kvelden og prosjektet:
- Bli kjende med klubbane og dei friviljuge som driv dei
- Kunne forstå kva arbeid skikretsen kan bidra med for å hjelpa klubbane til å auka rekrutteringa.
- Hjelpa til at klubbane sine mål vert fylgt opp med dei nødvendige bidraga frå skikretsen som er ynskjeleg for dette.
- Tilby aktivitet under besøka for å Inspirere med tips til aktivitet gjennom form og innhald.
- Bidra til auka kunnskap rundt skianlegg/treningsområde. Mål er å bidra til at anlegga er godt tilrettelagt høg aktivitet. Forslag til utnytting av eksisterande anlegg/område for aktiviteten og også sjå på korleis ein kan utvikla eksisterande anlegg til gode basisanlegg.