Hopp til innhold

Dugnadsgjengen i sving på det som skal bli det nye arenahuset på Gullbotn.

Gjenreiser hoppmiljøet på Gullbotn

Gullfjell IL fortset arbeidet med å gjenreise hoppmiljøet på Gullbotn. Det er stadige oppgraderingar og nye element som reiser seg. Nå er arenahuset godt på veg.

På Gullbotn er det dei siste åra gjort eit stort arbeid for å rehabilitere det tidlegare hoppanlegget. K 40-og K 25 bakken er oppgraderte og rehabiliterte, det er vorte rydda eit stort område med skog for basisaktivitet og laga små hoppbakkar. Det siste prosjektet som pågår er nytt arenahus for anlegget. Minihoppbakken til skikretsen har også fått seg ein flott ny heim i Gullbotn-anlegget.

I tillegg til vyer, så har eldsjelene også vist ei stor gjennomføringskraft for å skape ny aktivitet i anlegget dei siste åra. Det er vel verdt eit besøk på Gullbotn og Gullfjell IL sitt anlegg for sjå kva som skjer der. Og aktivitetstilbodet kan du følge på Gulbotn skianlegg - Gullfjell IL si facebookside. 

Nokre bilete frå dei siste åra med arbeid på anlegget: 

I det siste har det kome enda meir synlege endringar: 

NIF-EPI02, 02