
Resultat Røldalsrennet
Røldal IL starta det nye året med å invitere til langrenn i klassisk teknikk under strålande tilhøve på Korlevoll laurdag 2. januar. Over 170 deltakarar stilte til start.
Det var flotte skiforhold på Korlevoll, når Røldal IL inviterte til årets første kretsrenn i langrenn. Minus 4-5 grader og gode tilhøve på stadion gav deltakarane ein god start på 2021.
Det var Team Elon Vest - løparane Gaute Kvåle frå arrangørklubben og Eivor Vestrheim Skjerven frå Voss IL, som satte standarden med dei raskaste tidene under laurdagens konkurranse i klassisk teknikk.
Det var gode tilbakemeldingar på arrangementet med både gjennomføring av sjølve rennet og organisering av smittevernstiltak med inndeling i 2 kohortar. Ros også til dei tilreisande som følgde opp tiltaka på ein god og disiplinert måte.
Start jenter 15 år.
Ein glad jentekohort frå Røldal på pallen!