
Vellukka NC i Randonee på Voss
Vossarando og Viljar IL stod for eit vellukka NC i Randonee på Voss i helga. Vossingen Hans Inge Klette sikra heimesiger i konkurranse med fleire av dei beste i landet.
Rennhelga bestod av individuell konkurranse laurdag og sprint søndag. Fleire lokale stilte opp i konkurransen og hevda seg godt i det tøffe startfeltet. Veteranen Lars Erik Skjervheim gjorde ein god individuell konkurranse og sambygding Hans Inge Klette Viljar IL viste at satsinga går bra med siger både på laurdagens og søndagens konkurranse.
Nokre bilete frå helgas konkurranse:
Hans Inge Klette vann begge dagar og måtte fint stille seg i midten.
Resultat nc randonee individuell - damer
Resultat nc randonee individuell - menn