
FIS Voss med VM klare Anna Bryn Mørkeset
Det vert FIS renn på Voss mandag, tysdag og onsdag. På startstreken stiller blant anna Junior-VM uttatte Anna Bryn Mørkeset.
Det vert full fart på Voss i veka, når FIS-renn går dei 3 fyrste dagane av komande veke.
Anna Bryn Mørkeset er ei av dei som startar på heimebane. Og det vert ein god gjennomkøyring for Anna, som skal til junior VM i Bulgaria og representere Norge etterpå.
For etter nok ei strålande FIS helg på Bjorli med nok ein siger forrige helg, vart det i veka klart at Anna vart teken ut til å representere Norge i VM. Skikretsen gratulerer og gledar seg til å følge renna på Voss og i Bulgaria!
Les om alpintrenna på Voss her!
Og følg mandagens storslalåm her!