
Parkrennet og Vestlandske skistemna på Voss ski- og tursenter
Voss IL laga til to gode renn på Voss ski- og tursenter, når Parkrennet i friteknikk gjekk på laurdag og Vestlandske skistemna i klassisk gjekk på søndag.
I staden for Parkstafetten vart det individuelt renn med Parkrennet på laurdag. Søndagen vart det planlagte rennet med skibyte gjort om til eit klassisk renn. Litt over 150 deltakarar på laurdag og ca 120 på søndag fekk vel tilrettelagte konkurransar av arrangørklubben Voss IL.
Her er Maria Hydle i K19/20 på veg ut frå start under laurdagens Parkrenn.