
Vel gjennomført Myrkdalsfart
Takknemlege alpinistar satte seg i bilen søndag, etter 3 dagar med fart til endes. Godt organisert fartssamling under strålande forhold med supert sportsleg utbyte var tilbakemeldingane. sjå bilete frå årets Myrkdalsfart.
Det vart ei flott fartssamling i Myrkdalen når den alternative Myrkdalsfart vart arrangert i helga. Den store Nasjonale samlinga vart ei regional samarbeidssamling i staden. Det gjorde ikkje innhaldet og utfordringane i løypa noko mindre. Det vart trent med stor fart, hopp og ikkje minst skiglede dei tre dagane med samling i Myrkdalen.
Takk til arrangøren Voss alpin og alpintklubbane som stilte med trenarar og støtteapparat undervegs.
Nokre bilete frå helgas fartssamling
U12 gjer seg klar til Super-G
U16 gjer seg klar til fartsmåling.
Hopptrening gav spektakulære bilete frå vakre Myrkdalen.
Utval av bilder tatt av: Jørgen Moen, Erik Osmundsen, Valentina Dahle og Tone Brandseth.