Ørnar IL inviterte til KM stafett
Ørnar IL laga til eit flott Kretsmeisterskap under laurdagens Ørnarstafett. Litt færre lag grunna kolliderande junior NM, men veldig kjekt for dei 40 laga som var med på konkurransen.
Premieutdeling føregjekk utandørs under årets Kretsmeisterskap i stafett.
Takk til arrangørane Ørnar IL for nok ein kjekk stafettkonkurranse. Neste gang håpar me at fleire lag stiller frå klubbane.