Hopp til innhold

Skikretsen skal på miniturne

Hordaland skikrets skal ut på tur. Marianne Myklebust gledar seg til å kome til Vestlandet og treffe skiklubbane. Møt opp på dei oppsatte datoane, så lagar me skimoro i anlegga!

Hordaland Skikrets følger endeleg opp rekrutteringskveldane frå hausten 2019 med anleggsbesøk rundt i skikretsen. Me har gleden av å invitere Marianne Myklebust med fleire instruktørar på klubb/anleggsbesøk på følgande stadar: 

- Totland 21. februar

- Korlevoll 22. februar

- Fjellhaugen 23. februar

- Sjusete 24. februar. 

Det er gledeleg for skikretsen å endeleg få kome ut og besøke klubbane der aktiviteten føregår. Me har fokus på anlegg og tilrettelegging for aktivitet og er så heldig at me har fått med oss, i tillegg til fleire dyktige instruktørar, Marianne Myklebust. Me oppfordrar klubbane om å møte opp og utnytte Marianne sin breie erfaring rundt både utnytting av eksisterande anlegg og utvikling av desse. I tillegg har kanskje Marianne den mest allsidige kompetansen rundt trening og treningsprinsipper innanfor ski.  Me gledar oss til å treffe dykk der.

Klubbane kan informere nye rekruttar og aktive i klubbane om at det vert åpen trening med både skileik og instruksjon for dei eldre frå kl 17 - 19. I tillegg til Marianne Myklebust har me med fleire dyktige instruktørar desse kveldane. 

Me ynskjer velkomne representantar for skianlegga, med løypemannskap, leiarar i skigruppene, trenarar og rekruttar/utøvarar og andre interesserte. 

Kveldane startar med dei som er i leiinga i laga i nærområdet og helst anleggs- løypeansvarlege, så fortsett me fram mot skimoro utover kvelden!

 

nif-epi04, 04