Vel gjennomført NC hopp Bavallen
Arrangørane på Voss laga til nok eit flott hopprenn, når LO NC i hopp gjekk av stabelen i Bavallen. Og jamman vart det nye bakkerekord i den stadig utbetra bakken.
Dei dyktige arrangørane på Voss laga i helga til LO NC hopp for veteranar, C, B, A og elite klassane i Bavallen. Arrangørane og vergudane sørga for at forholda vart særs bra og det var fornøygde deltakarar som reiste i frå Voss når laurdagen og søndagens hopprenn var ferdige.
Hoppbakken i Bavallen kunne også smykke seg med ny bakkerekord, når Marius Aas Hast frå Mysen strakk den nye rekorden til 111 meter under laurdagens konkurranse. Fjorårets rekord på 109,5 meter stod difor berre eit år.