Kretscup og nye sjansar
Sjå oppdatert poengstilling i kretscupen før helgas to renn på Bulken og Voss. Hugs å meld dykk på renna som går under nydelege snøforhold begge stadar. Nye poeng delast ut!
samanlagtstilling kretscupen 7. mars
bulkenrennet
Til helga kan Bulken ynskje velkomne til langrenn i klassisk teknikk i Dalane skianlegg. Der ventar eit snøparadis med løyper som også inkluderer bølgefelt lagt inn i løypa, for deltakarane som tar turen til det flotte anlegget.
Påmeldingsfristen er onsdag 16. mars. Ikkje nøl - meld på, store og små.
Bulkenrennet klassisk laurdag 19. mars
Voss sparebank rennet
Søndag inviterer Voss IL til det utsatte Voss sparebankrennet. Rennet går i Voss ski- og tursenter og går i friteknikk. Etter rennet vert også fjorårets kretscup delt ut.
Påmeldingsfristen er torsdag 17. mars. Ikkje ver redd for å ta turen til Voss ski- og tursenter for å vere med på rennet. Meld på!
Voss sparebank rennet friteknikk søndag 20. mars