Voss alpin arrangerte FIS renn
Voss alpin arrangerte 4 FIS renn med innlagt NM for junior. Dei rutinerte arrangørane fekk gode tilbakemeldingar på arrangementa og det var fornøygde deltakarar som nytte dei flotte traseane i Bavallen.
Flotte forhold og gode arrangørar gjorde NM for junior og FIS renna til ein suksess for Voss alpin i Bavallen.
Dei lokale løparane frå Hordaland slo til med fleire medaljar under NM konkurransane. Madeleine Sylvester-Davik frå Tertnes alpint vann slalåm konkurransen og Isabella Napsøy Knutsen og Pia Sylvester-Davik frå Tertnes alpin sikra seg begge medaljar under NM i storslalåm. Høgt oppe på listene var også Ingrid Marie Jersin Søgaard og Jenny Astrup Sjøtun frå Voss alpin. Sjå resultat frå alle konkurransane som gjekk frå torsdag til søndag 17. - 20. mars.