Skiklubbutvikler Anne Lise er klar
Velkommen til Anne Lise Leiren Mastervik - vår nye skiklubbutviklar i Hordaland.
Hordaland skikrets er glade for å ha fått ein ny kollega i 50% stilling som skiklubbutviklar for klubbane i hordaland. Anne Lise Leiren Mastervik starta i stillinga mandag 5. september og gledar seg til å verte meir kjent med klubbane og dei aktive i skikretsen. Stillinga går inn i den Nasjonale satsinga på breidde og rekruttering og skal bidra innanfor rekrutteringstiltak, anlegg, trenarutdanning og klubbutvikling i vår skikrets.
Anne Lise ein allsidig idrettsleg bakgrunn med langrenn i oppveksten og verv i klubb som trenar og tillitsvald i fleire idrettar i vaksen alder. Yrkeserfaring omfattar sal, marknadsføring og undervisning. Anne Lise kjem opprinneleg frå Stamnes og bur nå med familie i Arna.
Anne Lise brenn for allsidig aktivitet og gledar seg til å ta fatt på arbeidet med klubbane i skikretsen.
Ta gjerne kontakt med Anne Lise direkte. Ho set særleg pris på innspel frå klubbane rundt kva bidrag som kunne vore ynskjeleg i eigen klubb.
Kontakt:
Anne Lise Leiren Mastervik
Telefon: 48197024