Flotte forhold under Røldalsrennet
Flotte skiforhold i ski-Norge, her fra Hordaland. Røldal IL laga til eit flott langrenn i klassisk teknikk i Røldal laurdag 30. desember. Sjå resultat og nokre bilete.
Det var vinterlege og fine forhold i Røldal i romjula. Bortimot 100 påmeldte var med på rennet som gjekk på "trikkeskinner" under perfekte forhold for langrenn. Det var Røldals eigen superløpar Gaute Kvåle som hadde raskaste tid karane sin 10 km. I dameklassane, så var det Julie Kvale Støstad Birkebeineren IF som hadde raskaste tid på 5 km. Dette var vårt første kretsrenn for sesongen og me gledar oss til nye renn utover i 2024!