Inspirasjonskveld langrenn Voss
Det vert inspirasjonskveld med tema frå trenar I kurs langrenn i Voss ski og tursenter torsdag 25 januar kl 18:00 – 20:00.
For dei som har erfaring med å vere trenarar og aktivitetsleiarar er dette ypparleg påfyll og oppfriskning. Innhaldet vil kunne inngå som ein del av kurs knytt til Trenerløypa (trener I).
Innhaldet i kurset rettar seg aktivitet for aldersgruppa 7- 12 år. Her vil du bla. få ei grunnleggjande innføring i korleis du som aktivitetsleiar kan gi born og unge trygge rammer gjennom skiaktivitet, samt utvikling av utøvaren sine ferdigheiter. Tom Erling Halvorsen vert med som instruktør. Han har lang erfaring som kurshaldar og inspirator. Hans pedagogiske kompetanse er av svært høg kvalitet og me garantere ein lærerik, nyttig, innhaldsrik og kjekk kveld med gode idear for skiaktivitet. Dette er ei økt der me spesielt oppmodar foresatte og ungdom til også bli med.
For å få oversikt over kor mange som kjem er det ynskjeleg med påmelding. Dette kan klubben gjere samla eller de kan melde på individuelt. Klikk på lenka under for å melde på.
Velkomen til ein inspirerande kveld!
Påmelding inspirasjonskveld langrenn 25. januar
Påmeldingsfrist tysdag 23. januar.