Hopp til innhold

TD-arrangørkurs 2. november

Laurdag 2. november kjem Torbjørn Broks Pettersen til Bergen og held kurs for TD'ar og arrangørar av skirenn. Delta på kurset og bli tryggare før vinterens renn startar opp!

Velkomne til eit godt kurs for alle arrangørar og TD'ar. Me håpar at alle klubbane som skal arrangere skirenn i vinter tar turen til Bergen.

Når?
Laurdag 2. november kl. 1230 - 16.30

Kvar?
Fjøsangerveien 68B - Parkering utanfor og gode buss/baneforbindelsar. 

Kurshaldar
Torbjørn Broks Pettersen

Kven er kurset for?

Kurset er berekna  for både heilt nye TD'ar som treng opplæring fra A til Å, men også for meir erfarne TD'ar. Kurset er også svært nyttig for de som arrangerer skirenn - med ein god gjennomgang av regelverket.

Det skjer stadig små endringar i regelverket, og ein oppdatering før sesong vil alltid være nyttig. Med oppdatert kunnskap blir rolla som TD og arrangør også meir givande.

Påmelding TD- og arrangørkurs - Idrettens hus 2. nov

Påmeldingsfrist torsdag 31. oktober.

Pris
Kurset er gratis for våre klubbar.

Kva er ein TD?
TD står for Teknisk Delegert.
Alle langrenn og turrenn i kretsen skal ha ein TD, som også leiar renna sin jury.

Som TD på eit kretsrenn er det fleire oppgåver. Dette er dei viktigaste:

  • Sørgje for at reglementet blir fulgt
  • Ivareta tryggleik
  • Ha kontakt med arrangør i forkant av arrangement
  • Fylle ut TD- rapport etter arrangement

I Hordaland er langrennsklubbane som arrangerer kretsrenn også pliktige til å stille med ein TD-kandidat. Fordelingen av TD'ar vert gjort av langrennskomiteen, men ein  kan kome med ynskjer om kva renn, eller helg ein helst vil vere TD.

nif-epi04, 04