Hopp til innhold

Foto: Avisa Hordaland

Opning av "Drevtjørn - heile året"

Laurdag 9. november var det stasleg opning av Ulvik IL i Hordaland sitt oppgraderte anlegg med ny krossløype, rullatorløype og trasear tilrettelagde for heilårs - fleirbruk.

Anleggsopninga var to år etter at dei fyrste tankane om oppgraderingar starta. På den tida har idrettslaget jobba godt og målretta! 

Ein av pådrivarane Johan Børsheim, løfta fram mottoet om å gje dei unge ein god start i livet som motivasjon for anleggsoppgraderinga. Gjennom oppgraderingane vil idrettslaget nå kunne invitere inn fleire brukargrupper av eldre og yngre gjennom den nye rullatortraseen, krossløypa og sykkeltraseen som vil auke bruken av anlegget også sommarstid.

Nils R. Sandal - leiar i Vestland idrettskrets var med på opninga og var imponert over arbeidet klubben har lagt ned. Han framheva korleis idrettslaget hadda laga den viktige møteplassen idretten skapast rundt. 

Anne Lise Leiren Mastervik frå Hordaland skikrets tok til orde for den gode prosessen og gjennomføringsevna i frå planlegging til fullføring av anlegg.

Hordaland skikrets gratulerer med det flotte oppgraderte anlegget!

Avisa Hordaland var på opninga og laga ein flott reportasje

Sjå meir om anlegget og gjennomføringa av prosjektet i eiga beskriving frå Ulvik IL. 

nif-epi04, 04