Hopp til innhold

Sparebanken vest gjer ein stor forskjell med prosjektstøtte for skiidretten.

Sparebanken Vest støttar skiidretten

Ei stor takk til SPV, som gjennom sitt samfunnsansvar støttar fleire gode prosjekt for skikretsen og skiklubbane våre.

Hordaland skikrets har  gjennom søknaden "Rekruttsamlingar i Hordaland" fått tildelt 150000,- til gjennomføring av rekrutterande samlingar ute i klubbane med ulike fagtema tilpassa klubbane sine ynskjer. Tildelinga dekker både ressursar til gjennomføring av samlingane, samt støtte til innkjøp av bil, som vil kunne frakte aktivitetselement som orgeltramp, minihopp, portar, rulleski, ski og anna aktivitetsutstyr ut til aktivitetane og dermed forenkle logistikken for gjennomføring av gode tiltak i lag med klubbane våre. Tusen takk SPV!

Sparebanken Vest har også gjennom våre alpintklubbar tildelt prosjektmidlar til eit stort løft for alpintaktviten gjennom prosjektet "Alpinsport for alle". Klubbane Samnanger IL, Voss alpin, Tertnes alpin, Odda IL - alpint og Fana IL - alpint har samla seg om dette felles prosjektet og gjennom støtta til SPV, så har dette fått vengjer! 

I tillegg til aktivitetsstøtta, så viser SPV gjennom prosjektstøtte til anleggsinvesteringar for utvikling av dei viktigaste rammefaktorane våre - nemleg skianlegga, at også den delen av skiaktiviten har fått viktig støtte. Klubbar som Gullfjell IL, Samnanger IL og Ulvik IL er nokre av klubbane som har anleggsprosjekt med støtte frå SPV. 

Me som skikrets er avhengig av samarbeidspartnarar og verdien de bringer til klubbane og medlemma gjennom den viktige støtta de gjev til gode prosjekt. Frå Hordaland skikrets vil me difor takke for alle bidrag!

NIF-EPI03, 03