Hopp til innhold

Kvam LSK gledar seg til å ta i mot langrennsfolket komande helg, når både turrennet Torefjellsrennet og Kvammasprintstafetten går på Sjusete.

Velkomen til langrennshelg på Sjusete

Ikkje gå glipp av to unike arrangement på Sjusete 9. og 10. mars. Laurdag går turrennet Torefjellsrennet og søndag vert det sprint med Kvammasprintstafett.

Torefjellsrennet laurdag 9. mars

Laurdag inviterer Kvam LSK til skikretsens einaste turrenn med det tradisjonsrike Torefjellsrennet. Her kan ein melde seg på klassar med ulik løypelengd med klassar i både klassisk og friteknikk. 

Rennprogram og starttidspunkt:

Kl 09:30 Torefjellsrennet klassisk 26/13 km klassisk (1/2 runder) Fellesstart. 17-100 år
Kl 13:00 Torefjellsrennet fristil, 5/10/20 km Fellesstart 17-100 år
Kl 11:00 – 12:00 Torefjellsrennet familie og trim, valgfri lengde og starttidspunkt.


Ungdomsrennet fristil:
 
- 5 km: Heile lysløypa (11-12 år)
- 11 km – Lysløypa – Kjosås-løypa (13-16 år)

Påmelding og informasjon torefjellsrennet 10. mars

Kvammasprintstafett søndag 10. mars

Søndag går Kvammasprintstafetten i friteknikk. Her er det 2 deltakarar per lag og klubbvis påmelding. 

Sjå invitasjon og meld på dykkar lag!

Kvammasprintstafetten 10. mars 2024

NIF-EPI01, 01