Hopp til innhold

Sommarskiskule - langrenn Jondal 24. - 27. juni

Velkomne til den årvisse super-kjekke Sommarskiskulen i Jondal med skiøkter på Folgefonna. For dei som er fødd 2009- 2013.

Samlinga er vorte ei årviss samling som passar perfekt for allsidig aktivitet på både breen og nede i Jondal. Me nyttar veg, sti, bane og ikkje minst skiføret på isbreen folgefonna. De får vere med på allsidig trening med nyttige tips om både trening og teknikk. Samlinga består av masse sosial aktivitet og konkurransar og me kan love mykje moro undervegs! Me har med dyktige trenarar og god mat vert servert i mellom øktene. Er du erfaren eller ny med langrenn, så er samlinga like aktuell. Me gledar oss til å ynksje akkurat deg velkommen til Jondal desse dagane i starten på sommarferien. 

Innkvartering vert på Hardangerakademiet. Her er det både overnatting og matservering. Dette ligg ved sentrum og rett på sida av Idrettsplassen og skulen. Overnattinga inkluderer sengetøy og handkle. 

Samlinga vil føregå i  og rundt Jondal og på Folgefonna. Alle treningsøktene tek utgangspunkt i Hardangerakademiet. Busstransport vil frakte oss til breen for skiøktene og ellers ved behov for lokal transport. 

 
Nokre bilete frå fjorårets kjekke samling!

INNHALD

Treninga føregår i oppkøyrde langrennsløyper på breen. Øktene går i friteknikk på ski. Det vil seie at ein ikkje treng festesmurning og klassiske ski. I tillegg vert det:
-Rulleskitrening
-Variert trening rundt Jondal med løp, styrke, ballspel og nye øvelsar. 
-Temakveld med Vebjørn Turtveit!
-Sosiale lagkonkurransar

Program og ta med liste!

PÅMELDING OG KOSTNAD

Treningssamlinga kostar 3400,- og  inkluderer overnatting, alle måltider, lokal transport i Jondal og treningsøkter med preparerte skiløyper på breen og teknikkinstruksjon.

Alle får ein deltakarpremie. 

PÅMELDING Sommarskiskule  Jondal  24. - 27. JUNI

Fristen for påmelding er gått ut!

Me har med oss støttespelarar som gjer dette mogleg. Våre faste samarbeidspartnarar Coop prix i Jondal stiller med mat og god service og i tillegg er Engevik Byggsenter med også i år. Mølster Installasjon på Voss støttar også årets Sommarskiskule. Tusen takk for støtta. Det betyr mykje!


NIF-EPI01, 01