Hopp til innhold

Ei flott veke på Sommarskiskule er over. Her frå ein av dagane på breen med Vebjørn som trenar.

Allsidig Sommarskiskule i Jondal

Årets sommarskiskule er over, og 28 deltakarar har hatt ei flott veke med aktivitet frå bre til fjord i vakre Jondal!

Ei veldig kjekk samling i Jondal er over. Dei svært motiverte deltakarane fekk verkeleg vore med på mange ulike aktivitetar under samlinga, med ski på breen som høgdepunktet. 

Dyktige Kevin og Skjalg laga mange gode økter for deltakarane, og storløparen Vebjørn Turtveit frå Voss var også med på enkelte av øktene og delte masse kunnskap både undervegs og på vår temakveld. 



Flotte økter på breen under strålande forhold og på rulleski i Jondal. Vebjørn inspirerte og fekk mange gode spørsmål under vår temakveld. 



Med strålande ver, så vart det sjølvsagt tid til bading på den flotte badestranda. 

For sommarskiskulen har vårt lange samarbeid med Coop Hordaland og Coop prix Jondal vore viktig, og det var det også i år. Tusen takk for støtta og ein super butikk for oss å kome til i Jondal! 

Ein avsluttande tur Fjellstøl vart eit strålande punktum for den solfylte veka på Sommarskiskulen.  


Dei supre deltakargenserane var det Mølster installasjon og Engevik Byggsenter som var med å sponsa. Tusen takk! Det betyr mykje for oss. 

NIF-EPI03, 03