Hopp til innhold

Kanskje det definitive høgdepunktet i karrieren til Sjur Røhte - Gull i VM i Seefeld 30 km skiatlon.

Takk for følget Sjur

Sjur Røthe Voss IL - garantisten for topp internasjonale prestasjonar gjennom dei siste 10 åra, har avslutta si aktive karriere. Hordaland skikrets takkar for alle stolte augneblikk.

Sjur Røthe, som nå avsluttar sin karriere, har sidan sitt internasjonale gjennombrot under VM på ski i Val di Fiemme i 2013 vore vår store ledestjerne.

Sjur frå Voss vidareførde toppidrettskulturen med deltaking i internasjonale meisterskap frå tidlegare toppløparar i ulike ski-greiner frå Voss og Hordaland. Når Sjur nå set punktum, så er det med ei imponerande merittliste av resultat for historiebøkene.
Nokre av desse:

6 VM medaljar  - 3 individuelt og 3 på stafett med gull individuelt i 2019. 

6 indivudelle WC sigrar med m.a. 50 km Holmenkollen 2015

9 individuelle NM medaljar med 3 gull. 

3. plass i WC samanlagt i 2019. 

Sjå oversikt på Wikipedia om karrieren til Sjur Røthe.

Bileter frå litt av karrieren til Sjur Røthe

Hordaland skikrets takkar for alle gull, sigrar og prestasjonar, men også for det førebilete du har vore som Hordalending, Vossing og menneske. Du har vore ein lagspelar, med solide verdiar i samspel med dei rundt deg gjennom heile karrieren. Me ynskjer lykke til for tida som kjem! 

NIF-EPI02, 02