Kretslaget i gang med ny sesong
Sommersnø med skiglede! Forrige veke var kretslaget i langrenn i Hordaland på samling på Folgefonna, Jondal. 25 utøvarar fekk gode økter på breen og nede i Jondal.
Årets utgåve av kretslaget har 30 deltakarar som ynskjer å satse på langrenn. Det er bra at så mange er interessert i å samlast i eit felles lag. Den første samlinga med overnatting gjekk samstundes som skikretsen sin Sommarskiskule i Jondal og på Hardangerakademiet. I likhet med sommarskiskulen, så vart det trent under særs gode forhold både for skiøkter på breen og barmarksøkter i Jondal.
Neste samling for kretslaget vert på Voss og Voss ski- og tursenter i byrjinga av august. Me gledar oss til å høyre meir frå den hardtsatsande gjengen.
Se dette innlegget på Instagram
Dei som gjer dette mogleg: