Hopp til innhold

Haustcamp i Strandebarm

Set av helga 13. - 15. september og meld deg på Haustcamp i alle skigreiner - for dei fødd mellom 2010 - 2013. For alpint også 2009. Allsidige økter med fullpensjon på Strandebarm sportell. Informasjon med detaljprogram oppdaterast.

Det vert 3 aktive dagar for deltakarane på denne allsidige breiddesamlinga for skikretsen sine ungdomar. Me vil nytte mange lokale mulighetar for aktivitet gjennom friidrettsbane, idrettshall, symjebasseng og sjøen med ulike framkomstmiddel som kano og kajakk tilgjengeleg for oss. I tillegg er det både minigolf, bordtennis og andre allsidige aktivitetstilbod på området.

Overnatting og matservering skjer på Sportellet like ved aktivitetsområdet. Samlinga er for dei som skal opp i 12 års klassen til vinteren til og med dei som skal opp i 15 års klassen (16 års klassen for alpint). Alle skigreiner er invitert og allsidig aktivitet og det sosiale står i fokus i tillegg til noko greinspesifikk trening. 

Program Haustcampen 2024 

Ta med liste! 

Påmelding Haustcampen Strandebarm 13. - 15. sep. 2024

Påmeldingsfristen er utsatt til ein aller siste påmeldingsdag mandag 9. september. Samlinga kostar 1800,-  Alle deltakarar får ein deltakar-premie. For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1800,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp+namn".

Me gledar oss til treffe deg i Strandebarm fredag 13. september!

nif-epi04, 04