Hopp til innhold

Inspirerande økt i hallen med Lars-Arne, med mykje utfordringar undervegs.

Fin helg i Strandebarm på Haustcamp

23 deltakarar var med på ei svært allsidig samling i vakre Strandebarm. Det flotte anlegget vart utnytta til fulle og i mellom slaga var det god mat og artige romkonkurransar.

Deltakarane som bestod av både langrennsløparar og alpinistar fekk gjennomført felles økter i sal, basseng og kanotur. Alpinistane fekk i tillegg gjennomført ein Ironman-test som bestod av eit uttal krevjande testar. Langrennsløparane fekk testa rulleskiterrenget i Strandebarm og samla vart det ei svært aktiv helg for deltakarane. Skikretsen seier seg fornøygde og synest at deltakarane viste både sportsleg høgt nivå og sosiale kvalitetar som skapte trivsel! 

Nokre bilete frå helga:
 
God innsats og lærevillige deltakarar på rulleski.
Ironman-test med to av øvelsane som vart løyste av alle!



Padling er moro - spesielt når elva synest å kunne padlast til endes feil veg! Heldige utøvarar fekk dei kjekke trenarane Magnus og Anne Lise med på moroa heile helga. 


Til slutt ei takk til Strandebarm sportell for fint opphald og god mat! 

NIF-EPI02, 02