Inspirasjonsøkter og Trener I kurs i langrenn
Hordaland skikrets har fleire kursaktivitetar utover hausten for både trenarar, foreldre og arrangørar.
Det er ein god meny at ulike kurs og inspirasjonsmøteplassar i løpet av hausten. Ein liten kalender med dei viktigaste.
Trener I kurs gjennom onsdagskveldar i Bergen
16. oktober til 13. november gjennomførast trener I kurs i langrenn på Idrettens hus Fjøsangerveien 68B (barmarksdelen). Kurset går onsdag ettermiddagar på følgande datoar:
onsdag 16. oktober 17.30 - 21
onsdag 23. oktober 17.30 - 21
onsdag 30. oktober 17.30 - 21
onsdag 13. november 17.30 - 21
Kurset følges opp med eige kurs for vinter og skiaktivitet. Det vil gå igjennom ei helg som oppdaterast. Om ein ynskjer å vere med på dette, så må ein ikkje ha gjennomført haustens kurskveldar for å delta.
Påmelding trener I kurs langrenn 2024-25
Frist for påmelding trener I kurs langrenn - 9. oktober 2024
Inspirasjonsøkter barmark
Kursa føregår på barmark og på beina. Innhaldet i kurset rettar seg i hovudsak til aldersgruppa 7- 12 år. Her vil du bla. få ei grunnleggjande innføring i korleis du som aktivitetsleiar kan gi born og unge trygge rammer gjennom aktivitet, samt utvikling av utøvaren sine ferdigheiter. Det er ei praktisk økt der fokus er på sjølve aktiviteten.
Tom Erling Halvorsen vert med som instruktør. Han har lang erfaring som kurshaldar og inspirator. Hans pedagogiske kompetanse er av svært høg kvalitet og me kan love ein lærerik, nyttig, innhaldsrik og kjekk kveld med gode idear for skiaktivitet. Kursa vert gjennomført på følgande datoar:
17. oktober Viljar IL, med oppmøte på idrettsplassen ved Bømoen. Der har dei også klubbuset sitt
14. november Fana IL med oppmøte på Fana Stadion.
Begge stader kl 19
Påmelding Inspirasjonsøkt Viljar 17. okt Fana 14. nov
Arrangør- og TD kurs Idrettens hus 2. november
Laurdag 2. november inviterer skikretsen til arrangør -og TD kurs med Torbjørn Broks Pettersen. Følg med på eigen sak om dette. Hald av datoen laurdag 2. november og ta turen til Bergen. Nyttig kurs for både TD'ar og arrangørar av store og små renn.