Hopp til innhold

Kretssamling og rulleskirenn

Fin historie fra Hordaland. I helga var det arrangert ei spenstig kretslagssamling i langrenn for juniorar inkludert 15 - 16 års rekruttane og eit prikkfritt rulleskirenn i Voss ski- og tursenter.

Litt sjukdomsfråfall, men det var er ei solid gruppe med juniorar som var med på samlinga som gjekk på Voss i helga. Med på samlinga var også rekruttar til juniorlaget som i år skal gå Hovedlandsrennet.  

Kristen Skjeldal og Eivind Maurset Blindheim frå Voss gymnas og kretslaget laga til ei flott og variert samling med skikkeleg trøkk som inkluderte sprintøkt, deltaking på rulleskirenn, langturar og sosiale kveldar med middag på Bavallen. 

Voss IL arrangerte rulleskirenn på laurdagen og over 60 deltakarar fekk prøvd seg med startnummer på brystet. Rennet gjekk i friteknikk for dei yngste og i klassisk teknikk for dei eldre klassane. Takk til arrangørklubben for eit flott arrangement!
Resultat rulleskirenn Voss laurd. 21. september


Perfekt å kombinere samling med rulleskirenn, der våre kretslagsløparar fekk vist seg godt fram på premiepallen. 


Kretslaget med lagbilete framfor hovudsponsorane på Voss, nemleg Voss sparebank og Vekselbanken. I lag med Inventura, gjer dykk dette mogleg. Tusen takk!



Neste samling for kretslaget er ei vekessamling på Voss. For 15 og 16 åringane ventar ei kretssamling i Bergen fyrste helga i november. 

NIF-EPI01, 01