Bavallsrennet med treningsdag
Bavallsrennet i alpint går laurdag 1. og søndag 2. februar I samband med rennet inviterer alpintkomiteen i Hordaland til ekstra treningsdag fredag 31. januar.
Bavallsrennet 1. - 2. februar Voss
Hugs å melde dykk på (eller av, for dei som melde seg på og ikkje kan komande helg) innan fristen 29. januar kl. 23.55
I samband med rennet inviterer klubbane i samarbeid om ein ekstra treningsdag for alle som har muligheten fredag 31. januar. Start frå ca. 1230. Sjå meir om treningsdagen og meld dykk på separat.
Treningsdag bavallen fredag 31. januar
Litt om kretscupen alpint Hordaland
For U12 og eldre er det dei 5 beste renna som tel i cupen. Samanlagtlista vert oppdatert etter kvar kretsrennshelg, der ein etter kvart får fjerna dei dårlegaste poengrenna når ein har passert 5 renn. Neste renn å sanke poeng i er Bavallsrennet.
Sjå meir om kretscupen og korleis den vert brukt som grunnlag for puljeplassering til nasjonale renn.
informasjon om kretscup alpint 2025
kretscupen alpint U12 til U16 samanlagtliste 1 2025
For U10 og yngre, vert det ikkje poeng, men ein får ein flott fullført Kretcupen premie om ein gjennomfører 5 renn. Renna vert registrert fortløpande, slik at ein kan følgje med på kor mange renn ein må gjennomføre før ein får 5 renn og altså får fullførtpremie! Første mulighet for U10 vert komande helgs Bavallsrennet.