Hordaland med sigrar under NC i Molde
Langrennsjuniorane frå Hordaland som reiste på NC i Molde imponerte både som lag og med enkeltprestasjonar som gjekk så høgt opp på resultatlistene det kan gå.
Hordaland skikrets stilte med over 30 løparar til start i NC for junior som gjekk i Molde med 3 individuelle renn frå 10. - 12. januar. Utøvarane som går på skigymnas på Geilo eller Hovden fekk rennoppfølging gjennom skuletilbodet, medan skikretsen stilte med eige støtteapparat organisert gjennom kretslaget med mellom anna 6 smørjarar som stod på gjennom helga for å gje utøvarane dei beste skia for å kunne prestere.
Det kunne ikkje starta betre for Hordaland enn fredagens fyrste NC renn for sesongen når to debutantar i juniorlangrenn i K17 og M17 gjekk så fort at dei begge gjekk til topps! Vossingane Håkon Samnøy Skjeldal og Yvonne Berge Børsheim gjorde nettopp dette, når dei vann sine klassar under rennet. Lagvenninna frå Voss IL Emma Rongve Brattebø fulgte opp med ein imponerande 4. plass i same klassen.
Tre glade debutantar i Norgescup: Astrid Berre Fana IL, Yvonne Berge Børsheim Voss IL og Emma Rongve Brattebø, Voss IL.
Under rennet var det mange frå Hordaland som imponerte. I eldste guteklassen slo Sondre Brattabø Osterøy IL til med 4. plass og berre 0,7 sekund frå 3. plassen. Sterkt av Osterøyningen som har vore plaga med sjukdom i nokre år. Åsmund Samnøy Skjeldal fulgte opp med ein sterk 8. plass i same klassen. Sjå flott reportasje i Avisa Hordaland Sport, Langrenn | Stor suksess for juniorløparane frå Voss frå fyrste dagen med fleire resultat.
Hordalandsløparane viste att i skiløypene i Molde. Her frå fredagens innspurt på M18 der Skage Ringheim Helgaset t.h og Tristan Kahrs Guldbrandsen suste inn til h.h.v. 20. og 26. plass. Flotte resultat!
God stemning i gjengen frå Hordaland. Kristian Steen, Johan Berge Børsheim og Peder Røthe Aker etter gjennomførte renn.
I eldste jenteklassen imponerte Tine Alfstad Olsen Tif Viking med 9. plass, tett fulgt av Synne Opheim Røthe Voss IL på 10. plass.
Laurdag var det sprint og her var det nokre nye namn som blanda seg inn i toppen. Ane Sofie Galaaen Røthe Voss IL tok seg til finalen og slo til med ein 4. plass i 18 års klassen. Julie Klette Ørnar IL vart nummer 15 og Mathea Berget Galleberg Fana IL med 18. plass Håkon Samnøy Skjeldal som vann fredagen fulgte opp med eit nytt topprenn og vart nummer 6. I eldste klassen vart både Oskar Eek Reme Fana IL og Synne Ophaug Røthe Voss IL nummer 18. Like bak Synne kom Marie Hopsnes Fana IL på 22. plass.
Håkon Samnøy Skjeldal t.v. klar for finalestart.
Søndagen var det lengre distansar i klassisk som stod på programmet. Emma Rongve Brattebø avslutta helga sterkt med sin 8. plass. Like bak lagveninna Yvonne med 12. plass. Håkon avslutta NC debuthelga med ny plass på pallen og nå 2. plass. Imponerande! I K18 imponerte Mathea Berget Galleberg med 7. plass og i same klassen gjorde Ane Sofie Galaaen Røthe det bra med 21. plass føre Julie Klette på 26. plass og lagveninna Vilma Vesterhus Michelsen også frå Ørnar med 36. plass.
Emma Herre Nedkvitne t.h. i innspurten i lag med Ane Sofie Galaaen Røthe under den avsluttande klassiskdistansen søndag.
I den eldste klassen for gutane så imponerte Sondre Brattabø med 5. plass under klassisken. Oskar Eek Reme Fana IL var og med i toppen med sin 15. plass og Åsmund Samnøy Skjeldal avslutta ei godt gjennomført helg med ein 19. plass. Blant damene, så vart det ein flott 10. plass til Tine Alfstad Olsen og Synne fulgte opp med ein solid 16. plass i lag med Marie Hopsnes sin 20. plass.
Øvste bilde Håkon Samnøy Skjeldal under premieutdeling for klassiskrennet med sin 2. plass. Under Sondre Brattabø med sin 5. plass på 15 km klassisk. Imponerande!
Gjennom helga var det mange løparar som fekk gode resultater. Det var mange som gjorde sine beste renn og alle gjorde sitt beste. Det var ein motivert og positiv gjeng som reiste frå Molde etter endt fyrste NC helg.
Sjå fleire Hordalandsløparar på resultatlistene under helga.
I dei to smørjevognene skjedde magien med Stig Gunnar Røthe sitt team. i lag med trenarane Eivind og Kristen og hjelpsame foreldre, så vart det lagt eit god grunnlag for prestasjonar for dei løparane Hordaland skikrets hadde ansvar for i helga. Tusen takk!