Hopp til innhold

Søndagen gav solskin på startsletta under helgas kretsmeisterskap i langrenn for hordaland skikrets.

KM langrenn med stor deltaking

Voss IL laga til to strålande Kretsmeisterskap med Parkrennet og Vestlandske skitstemna i Voss ski- og tursenter i helga. Det vart skiftande ver, men det hindra ikkje god deltaking både laurdag og søndag.

I helga arrangerte Voss IL kretsmeisterskap over to dagar med laurdagens Parkrennet og søndagens Vestlandske skistemna. Proffe arrangørar laga solide trasear sjølv med utfordrande vertilhøve og leverte på alle nivå i arrangementa:  frå parkering, rennteknisk gjennomføring, cafe og premiering for dei tilreisande deltakarane.

På laurdagens parkrenn som gjekk i friteknikk var det heile 195 deltakarar med. Sjølv med varselet om bombesyklon, prega det ikkje rennopplevinga i stor grad. Noko regn, sludd og snø iblanda nokre vindkast la ikkje noko dempar på det godt tilrettelagte arrangementet.

For dei yngste vart det felles smørjing med både glider og struktur under alle skia for alle mellom 8 - 16 år. Det vart gjennomført prikkfritt til stor glede for deltakarane og foreldra. Smørje - og logistikkteamet som stilte på dugnad for skikretsen laga det strømlinjeforma og med eit perfekt tidsskjema, slik at alle utøvarane fekk gode ski til start. Nær 150 deltakarar i talet fekk skia smurt på 2,5 timar, noko som er imponerande!

Nokre bilete frå laurdagens KM med det strålande smørjeteamet og premieutdeling frå kretsmeisterskapet. 

Resultat KM Parkrennet 25. januer 

Søndagen var det duka for Vestlandske skistemna med kretsmeisterskap i klassisk teknikk. Her var det 167 deltakarar som fekk oppleve trikkeskinner og solskin. 

Resultat KM Vestlandske skistemna 26. januar

KRetscupen samanlagt for 8 - 20 år

Etter helgas renn er kretscupen oppdatert med samanlagtlister

Kretscupen 13 - 20 år samanlagtstilling 27. jan

Kretscupen 8 - 12 år fullførtpremie 5 renn!

NIF-EPI01, 01