Hopp til innhold

KM langrenn på Voss 25. - 26. januar

Til helga arrangerer Voss IL KM i langrenn gjennom Parkrennet og Vestlandske skistemna. Hugs påmeldingsfrist tysdag 21. januar kl. 23.55!

Voss IL har gleda av å invitere til KM i langrenn i Voss ski- og tursenter komande helg. Det er utfordrande skiforhold i åsen etter snøsmelting og  Arrangørane vil oppdatere med informasjon om trase og føreforhold fortløpande på Isonen og gjennom skikretsen sine kanalar. Siste oppdatering kjem fredag 24. januar. 

I samband med KM på ski, så vil laurdagens Parkrenn inkludere eit felles smørjeopplegg som gjeld alle frå 8 – 16 år. Her vil alle få skia smurte av eit felles støtteapparat. 

Gjennomføring FELLES SKISMURNING 8 – 16 år 

Under KM Parkrennet i friteknikk gjennomfører skikretsen felles smøreopplegg for aldersgruppa 8 – 16 år. Alle deltakarane leverer inn ski for smurning i denne aldersgruppa.

Førarbeid
Før laurdagens konkurranse, så oppfordrar me alle til å påføre anten Swix CH6/PS6 (eller tilsvarande fluorfri glider), etterfulgt av sikling(skrape av glideren) og børsting. Viktigast er at skia er fri for glider når dei kjem til felles smurningen på laurdagen. Alle har eitt skipar med seg til felles-smurningsstasjonen. Desse leverast inn 45 min før ditt startstidspunkt.
 
Gjennomføring
-  Skia leveres godt merka med namn 45 min før start.
- Dette gjerast i eige hus som ligg rett ved sida av skiskytarblinkane. (lett synleg)
- Smørjarane legg dagsaktuell flytande glider med kork og fleece, tørking ca 10 min og deretter rotorbørsting og dagsaktuell strukturpåføring (vals med struktur).
- Skia leveres ut frå området og klar til start 10 min før start i følgje startlista. Då har skia eit klistermerke som markerer skia du skal bruke og at dei er ferdig preparert.

NB! Hugs påmeldingsfrist for begge renndagane tysdag 21. januar kl. 23.55! 

KM Parkrennet friteknikk 25. januar 

Søndag går KM Vestlandske Skistemna i klassisk teknikk med lengre distansar. 

KM Vestlandske skistemna søn 26. jan

NIF-EPI02, 02