
Allsidige arrangement i vente 19. - 23. feb
Neste veke: FIS renn i alpint! flunkande nytt turrenn på Mjølfjell! Ulvik IL sine rekruttrenn i hopp- og kombinert! - og premiere på i eit spildrande nytt skicrossanlegg med Ulvikarennet i crossvariant!
Me her ei allsidig arrangørveke frå 19. - 23. februar i vente.
Inneverande helg er ogå aktiv, med m.a. fredagens kretsrenn Samnangerrennet i alpint under flomlysa i Eikedalen, laurdagens Vikingrenn i langrenn og søndagen med både Fanarennet i langrenn med eigen "knøtteklasse" og Eidfjords sitt skisportens dag på Maurset.
Komande veke følger våre dyktige og engasjerte klubbar opp med følgande du ikkje bør gå glipp av!
Fis alpint Voss ons. 19. og tor. 20 feb
Voss alpint som er vorte fast arrangør av FIS renn i alpint. Inviterer til to storslalåmrenn i alpint for FIS løparar. Renna får både nasjonal og internasjonal deltaking og over 100 deltakarar er venta dei to dagane i Bavallen.
Raundalsrennet turlangrenn laurdag 22. februar
Mjølfjell skilag og Tif Viking inviterer til eit nytt turlangrenn på Mjølfjell denne laurdagen. Rennet er på litt over 20 km og går i klassisk teknikk. Rennet passar for alle og er eit lavterskel arrangement med god tilrettelegging for dei tilreisande med både tog og bil. Sjekk ut dette!
Hopprenn og kombicross Drevtjørn laurd. 22. feb
Ulvik IL inviterer til ei spanande helg i Drevtjørn og startar laurdagen med rekruttrenn i hopp og kombinert. Dei flotte hoppbakkane og langrennsanlegget med crossløype like ved, gjer dette til ein flott arena for nye rekruttar i hopp og kombinert.
Ulvikarennet langrennscross søndag 23. feb
Det tradisjonsrike Ulvikarennet går søndagen, men i år får det eit nytt spanande innhald, når det for første gang vert arrangert som langrennscross - og dette i eit flunkande nytt anlegg, laga for nettopp langrennscross! Her vert det stor fart, svingar, bølger, dosering, og utfordringar spreidd utover løypa, som verkeleg vert ei utfordrande og leken løype for deltakarane som ikkje må gå glipp av dettte!