Hopp til innhold

Her bilete av våre deltakarar frå fjorårets Hovedlandsrenn i Oppdal. I år vert dette arrangert på Hafjell.

Overnatting Hovedlandsrennet og Telenorlekene

Sjå informasjon om overnatting /fellesopplegg for våre alpinistar og foreldre som skal til Hovedlandsrenn på Hafjell og Telenorlekene i Sogndal.

Skikretsen har reservert gjennom alpintkomiteen felles overnatting på Telenorlekene og Hovedlandsrennet. Registrer dykkar behov, eller korleis de løyser overnatting gjennom lenka i botn på saka. Me ber om at dei som også ordnar overnatting privat registrerer seg via lenkja. Då får me oversikt over dei som reiser på desse to renna.

 

Registrering av overnattingsbehov TL og HLR 

Skikretsen har reservert overnatting til våre alpinistar og treng oversikt for å kunne treffe våre behov med booking for alle som reiser og treng overnatting. Me ber difor at alle fyller ut skjema for kartlegging og avklaring rundt overnattingsbehov for våre. Om skikretsen får for lite overnatting i forhold til totalt ynskje, så vil me prioritere 1:1 på foreldre/utøvar på våre reservasjonar. Dette har me ein dialog på etter at alle har registrert sine behov via lenkja under. Lenka gjeld registrering på både Telenorlekene og Hovedlandsrennet. 

TELENORLEKENE: Me har reservert overnatting på storhytte i Sogndal i samband med telenorlekene som går frå 26. - 30. mars. Her er det plass til 15 stk og me vil reservere og samordne utviding med anna overnattingskapasitet når me får full oversikt over behova. 

HOVEDLANDSRENNET: Skikretsen har reservert overnatting på storhytte i anlegget. Her er det plass til 30+ på felles hytte. 

Overnattingskartlegging Hovedlandsrenn og Telenorlekene

Frist for utfylling av registreringskjema for overnatting 25. februar!

Etter ein runde med oppdatering per mail om kostnad og innhald for dei som har meldt si interesse så vert påmeldinga bindane etter ein kort frist for avmelding av overnattingstilbodet.  

Telenorlekene Sogndal 26. - 30. mars 2025

Les meir om arrangementet med påmeldingsinformasjon og program i lenka under. 

Telenorlekene arrangørside 26. - 30. mars

 

Hovedlandsrennet Hafjell 1. - 6. april 2025

Hovedlandsrennet går på Hafjell 1. - 6. april.  Fyll ut skjema som ligg på lenka oppe for registrering av overnattingsynskje. For informasjon om arrangementet med påmeldingsinformasjon og program. Sjå arrangørens side

Arrangørside Hovedlandsrenn Hafjell 1.-6. april .

 

 

NIF-EPI01, 01