
Tour de Hardanger og kretscupen
TIl helga inviterer IL Korlevoll-Odda og Røldal IL til Tour de hardanger. sjå informasjon frå arrangørane og oppdatert samanlagtstilling i kretscupen.
Til helga arrangerer Røldal IL og IL Korlevoll-Odda Tour de Hardanger. Laurdagens klassiske renn vert flytta til Korlevoll. Begge renna vil difor gå på Korlevoll i helga.
Begge renna har eigen barneklasse for 1 - 7 år som startar like før kretsrenna. Påmelding på renndagen.
Hugs å meld dykk på dei kjekke renndagane i Hardanger innan fristen torsdag 27. februar 23.55. Hugs å meld dykk på begge renna.
Tour de hardanger 1. - 2. mars 2025
Kretscupen langrenn 2024-25
Etter Ulvikarennet er kretscupen samanlagt oppdatert før helgas Tour de Hardanger. Dei to renna tel samla og gjev 25 poeng ekstra i forhold til det ein får på enkeltrenna. For ungane mellom 8 og 12, så vil enkeltrenna telje som deltaking for fullførdpremie.
Kretscupen langrenn samanlagt 13 - 20 år 2025
Kretscupen 8 - 12 år fullførdpremie 5 renndeltakingar