
Raundalsrennet gjennomført
Mjølfjell skilag arrangerte Raundalsrennet i helga. Arrangementet fekk litt verutfordringar, men etter flytting til søndag, vart rennet gjennomført med ny trase, og etterfygjande sterkt ynskje om gjentakelse frå både arrangørar og deltakarar.
Det fyrste Raundalsrennet vart arrangert søndag 23. februar 2025 av Mjølfjell skilag. Rennet måtte flyttast fra laurdag til søndag på grunn av mykje regn natt til laurdag. Av same grunn måtte løypa endrast noko, og flyttast frå terrenget og vatna i Upsetedalen, til Rallarvegen.
Løypekjørarane i Mjølfjell skilag gjorde en god jobb gjennom helga og kunne presantere svært gode forhold gjennom heile den ca. 22 km lange klassiskløypa. Stemninga var god både ved start og mål ved Kårdal - og ute i løypa mellom Mjølfjell stasjon og Upsete stasjon.
Gode tilbakemeldinger fra deltakarar, publikum og dugnadsgjengen i Mjølfjell skilag, gjer at Raundalsrennet kjem til å verta arrangert også i 2026!
For skikretsen er dette eit gledeleg tilskot til vårt tilbod, som har mista nokre turrenn dei siste åra. Med dette nye rennet som eit positivt nytt tilbod, så gledar me oss allereie!