
Søknadsfrist Voss gymnas
Hugs søknadsfrist for vidaregåande skule 1. mars! Velg Voss gymnas med toppidrett ski som studietilbod. Topp tilrettelagt for langrenn, alpint, freeski og snowboard.
Me er heldige å ha ein offentleg vidaregåande skule i Vestland fylke som har toppidrett ski som studietilbod.
På Voss gymnas har dei vinteridrettane langrenn, alpint, friski og snowboard. Ynskjer du å ha ein skuledag der idretten også vert lagt til rette for, så anbefalar me dette på det sterkaste. Innhaldet i det idrettslege tilbodet på den flotte skulen er veldig bra. Treningsfascilitetane for både barmark og vinter er av ypperste klasse.
Idrettsmiljøet og nivået er veldig bra på alle greiner, så om ynskje er å utvikla seg saman med gode idrettsutøvarar, så er det ikkje eit dumt val å velja Voss gymnas!
Elevar på Voss gymnas har denne sesongen tatt ei bronsemedalje i freeride snowboard Junior VM, to førsteplassar i nc junior langrenn, ein 3. plass i alpint Junior NM og 3. plass junior FIS-renn alpint. Dette er fordelt både på jenter og gutar. Skulen har eit opent tilbod og miljøet er godt for alle som ynskjer å utvikle seg å få ein tilrettelagt skulekvardag.
Sjå informasjon om linja på denne sida: https://www.vossgymnas.vgs.no/utdanningsprogram/vare-utdanningsprogram/idrettsfag/
Ta gjerne kontakt med skulen for meir informasjon og omvisning om ein ynskjer. For tilreisande har ein også eit godt nettverk for formidling av hyblar som passar elevane.