Hopp til innhold

Frå starten på barnerennet der 45 deltakarar under 7 år var med i eigen krossløype med m.a. skilabyrint.

Ulvik arrangerte langrennskross

Ulvik IL fekk vist fram både sitt flotte skianlegg og sin arrangørkompetanse, når dei inviterte inn til Ulvikarennet - langrennskross søndag 23. februar.

Det var ca 170 deltakarar med på søndagens langrennskross i Ulvik. ca 45 i barnerennet 1 - 7 år og 125 deltakarar i kretsrennet frå 8 år og eldre.

Det nyetablerte anlegget for langrennskross har idrettslaget gjennom dei siste 2 åra bygd opp på dugnad med god støtte frå samarbeidspartnarar. Dette arbeidet fekk verkeleg skikretsen glede av under søndagens innhaldsrike arrangement. 

Løypa, som skil seg frå vanlege langrennsanlegg med både kular, reipeløkkje, doseringar, slalåm, baklengsport, orgeltramp, skilabyrint og portalar, inspirerte og gleda både store og små i Ulvik søndagen.
 

Arrangøren fekk utfordrande forhold med stor nedbør som regn laurdagen. Dugnadsgjengen måtte difor trå til ekstra på søndagen og imponerte med flytting av snø, litt salting og preparering på beste måte, slik at anlegget viste seg frå si beste side. Med litt sol i tillegg vart det ein draumedag for dei tilreisande som kom til Drevtjørn denne søndagen.

Takk til Ulvik for eit strålande arrangement frå organisering, løypekart, prepaering, cafe og flotte VM-premiar til deltakarane.
 

Sjå flott videoreportasje i Avisa Hordaland og video frå Hordaland skikrets.

 

Resultat Ulvikarennet - langrennskross! 23. feb

NIF-EPI02, 02