Hopp til innhold

Bulken IL inviterte til 100 års jubileum på stiftingsdagen søndag 2. februar.

Viljar og Bulken laga ei super langrennshelg

Viljar Il inviterte til klassisk langrenn med strålande forhold i åsen og Bulken fulgte opp med renn i friteknikk og ei verdig 100 års markering i Dalane dagen etter.

Det vart arrangert to kretsrenn i langrenn også denne helga. Det var Viljar IL og Bulken IL som inviterte til to innhaldsrike arrangement for kretsen sine langrennsløparar.

Viljarrennet laurdag 1. februar

Laurdag var det Viljarrennet som gjekk i klassisk teknikk. Arrangørane laga til eigen gratis smørjestasjon for dei som trengte hjelp til å få gode ski med godt feste, og barna under 8 år fekk eit eige renn før kretsrennet byrja, og i dette rennet var det heile 55 deltakarar - veldig kjekt! Dei dyktige arrangørane laga til eit flott renn for dei litt over 100 deltakarane som fekk gått eit klassisk renn under perfekte forhold. Takk Viljar!

Resultat Viljarrennet klassisk 1. februar 2025

Bulkenrennet 100 års jubileum søndag 2. feb!

Bulken IL markerte på dagen 2. februar at det var akkurat 100 år sidan idrettslaget vart stifta. Dette vart feira med eit kretsrenn i langrenn som Bulken IL har arrangert mange av opp igjennom åra. 

Det flotte langrennsanlegget på Dalane er eit viktig anlegg for skikretsen, og idrettslaget viste med den solide arrangørstaben at dei kunne laga ei verdig feiring, som mellom anna inneheldt ei utstilling av klubbdraktar gjennom historia. Markeringa var og passande med å få brukt det flotte anlegget til glede for dei 158 deltakarar og arrangørklubben sjølve. Skikretsen gratulerer og gledar seg til 100 nye gode år med Bulken IL!

Nokre bilete og ikkje minst ein flott reportasje frå Avisa Hordaland som dekka jubileet. 


Blomehelsing til 100 års jubilanten Bulken IL, representert ved leiar Erik Flage og leiar av skikretsen Johan Børsheim. Resultat Bulkenrennet 100 års jubileum fritekn. 2. feb!

nif-epi04, 04