Hopp til innhold

Kjekt med premieutdeling etter fullførd siste renn for sesongen ! Her frå gutar 9 år.

Ørnarrennet og Vargarrennet markerte sesongfinale

Med helgas Ørnarrenn i klassisk teknikk og Vargarrennet i friteknikk vart sesongen avslutta med våre siste kretsrenn. Dette markerte også slutten på vår kretscup, som mange av våre unge fullførde!

Sesongen vart avslutta med dobbeltrenn i Voss ski- og tursenter. Laurdag tok arrangørklubben Ørnar IL godt i mot dei tilreisande deltakarane med langrenn i klassisk teknikk i ei litt forkorta, men god løype.  

Resultat Ørnarrennet klassisk laurdag 22. mars

Søndagen var det Vargar som stilte opp med sine mange friviljuge og arrangerte deira Vargarennet. Dette gjekk i friteknikk og markerte det siste teljande rennet i vår kretscup. 

Resultat Vargarrennet friteknikk søn 22. mars 

Etter finalehelga vart det delt ut premiar til dei yngste 8 - 12 år som hadde fullførd 5 kretsrenn eller meir. Her vanka det ein flott buff frå Craft til alle. For dei eldre i alderen 13 - 20 år  vart det premiert med gåvekort frå Endeve sport, pokalar og uttrekkspremiar.

Vår sponsor for kretscupen Recover.no stod for all premiering og sørga for at vår kretscup er attraktiv for liten og for stor!

Blant våre yngste var det heile 66 deltakarar som fullførde 5 individuelle kretsrenn eller meir. Det er ny rekord og fleire gjekk nesten alle kretsrenna me hadde på terminlista. Imponerande!

 Fullførde 5 kretscupen premiering  8-12 år 2025.pdf

Samanlagtstilling 13 - 20 år kretscupen 2025

Sjå bilete frå vår utdeling av premiar etter vel gjennomført sesong for våre flotte unge langrennsløparar. 

 

NIF-EPI01, 01