Hopp til innhold

Har utøvarane mellom 8 og 12 år gått 5 individuelle kretsrenn vankar fullførdpremie under søndagens Vargarrenn og finale. Her frå fjorårets premieutdeling for kretscupen.

Siste kretsrenn med finale i kretscupen

Til helga går sesongens siste langrenn med laurdagens Ørnarrenn og søndagens Vargarrenn. Dette markerer også finalen for vår kjære kretscup!

Ikkje gå glipp av våre to siste kretsrenn i langrenn, når Ørnar IL og Vargar IL inviterer til langrenn i Voss ski- og tursenter. Me oppfordrar alle våre klubbar og også våre nabokretsar som har muligheten til å kome å vere med på sesongavslutning. 

Det er per i dag godt skiføre i Voss ski- og tursenter og det er 3 km trase som vert brukt per i dag. Skulle verforholda endre på dette, så vil løypa verta korta inn til 2 km.

Det vil grunna sikkerhet med løypetraseen, som grensar til barmark,  uansett verte ei endring til helga og det er at laurdagens Ørnarrenn går i klassisk teknikk og ikkje skiatlon. Rennet vil gå med intervallstart. 

Ikkje gå glipp av dei to siste kretsrenna. Meld dykk på!

Ørnarrennet - Skiathlon | iSonen
Påmeldingsfrist onsdag 19. mars

Vargarrennet 2025 | iSonen
Påmeldingsfrist torsdag 20. mars

Foreløpig samanlagtstilling i vår Kretscup

Kretscupen fullført 8-12 år 20258.pdf

Kretscup 2024 - 258.pdf

NIF-EPI03, 03