
Kongepokal og medaljar i alpint
Våre alpinistar imponerer! Hans Grahl-Madsen Fana alpin vann NM i slalåm og fekk kongepokal. Madeleine Sylvester-Davik Tertnes alpin vann bronse under NM i storslalåm.
Under NM veka for alpint i Oppdal markerte våre alpinistar seg heilt i toppen.
Hans Grahl-Madsen Fana alpin slo til med gull og kongepokal under slalåmøvelsen søndag 6. april.
Madeleine Sylvester-Davik Tertnes alpin, som også fekk vere med i VM tidlegare i vinter, imponerte med 3. plass under Storslalåmen laurdag 5. april.
Sjå fleire resultat frå NM-veka med fleire Hordalandsløparar.
Hordaland skikrets gratulerer med strålande prestasjonar og Kongepokal!