Hopp til innhold

Langrenn Hordaland skikrets

Terminlister (5 neste renn)

Fra Til Arr. navn Arrangør Gren Krets
Fra 25.01.2025 Til 25.01.2025 Arr. navn Parkrennet KM Hordaland fri teknikk Arrangør Voss Idrottslag - Ski Gren Langrenn Krets Hordaland Skikrets

Aktuelt

Opning av "Drevtjørn - heile året"

Laurdag 9. november var det stasleg opning av Ulvik IL i Hordaland sitt oppgraderte anlegg med ny krossløype, rullatorløype og trasear tilrettelagde for heilårs - fleirbruk.

Sesongens terminfesta renn

Informasjon om sesongens terminliste med oppdatert oversikt over kretsrenna til langrenn og alpint for hordaland.

TD-arrangørkurs 2. november

Laurdag 2. november kjem Torbjørn Broks Pettersen til Bergen og held kurs for TD'ar og arrangørar av skirenn. Delta på kurset og bli tryggare før vinterens renn startar opp!

Kretssamling langrenn Stord 2011 - 2014

Me gjentar suksessen med breiddesamling langrenn på Stord for alle langrennsungdomar som skal delta i 11 - 14 års klassen komande vinter. Set av laurdag 26. - søndag 27. oktober og meld på!

Kretssamling og rulleskirenn

Fin historie fra Hordaland. I helga var det arrangert ei spenstig kretslagssamling i langrenn for juniorar inkludert 15 - 16 års rekruttane og eit prikkfritt rulleskirenn i Voss ski- og tursenter.

Fin helg i Strandebarm på Haustcamp

23 deltakarar var med på ei svært allsidig samling i vakre Strandebarm. Det flotte anlegget vart utnytta til fulle og i mellom slaga var det god mat og artige romkonkurransar.

Kretssamling langrenn Voss

20. - 22 september er det kretssamling for juniorar og for dei som skal opp i hovudlandsrenn alder (15 - 16 år). Samlinga vert på Voss ski- og tursenter, der det også vert rulleskirenn laurdag 21. september.

Haustcamp i Strandebarm

Set av helga 13. - 15. september og meld deg på Haustcamp i alle skigreiner - for dei fødd mellom 2010 - 2013. For alpint også 2009. Allsidige økter med fullpensjon på Strandebarm sportell. Informasjon med detaljprogram oppdaterast.

Kretslaget i gang med ny sesong

Sommersnø med skiglede! Forrige veke var kretslaget i langrenn i Hordaland på samling på Folgefonna, Jondal. 25 utøvarar fekk gode økter på breen og nede i Jondal.

Kanskje det definitive høgdepunktet i karrieren til Sjur Røhte - Gull i VM i Seefeld 30 km skiatlon.

Takk for følget Sjur

Sjur Røthe Voss IL - garantisten for topp internasjonale prestasjonar gjennom dei siste 10 åra, har avslutta si aktive karriere. Hordaland skikrets takkar for alle stolte augneblikk.

Super finalehelg på Voss

Langrenn avslutta sesongen med Parkrennet og Vestlandske skistemna på Voss ski- og tursenter. Dette markerte også finalen på årets kretscup.

Tilskot langrenns- og turlangrennsløyper

Det er mogleg å søkje Vestland fylkeskommune om inntil 50 000 kroner i driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn. Søknadsfrist er 22. mars.

Velkomen til langrennshelg på Sjusete

Ikkje gå glipp av to unike arrangement på Sjusete 9. og 10. mars. Laurdag går turrennet Torefjellsrennet og søndag vert det sprint med Kvammasprintstafett.

Langrennshelg Bulken og Ulvik

Til helga vert det langrennsarrangement i to nydelege skianlegg med sprintkonkurranse på Bulken og distanserenn med innlagt KM i Ulvik.

Fanarennet langrenn 18. februar

Komande helg arrangerer Fana IL Fanarennet i langrenn klassisk teknikk søndag 18. februar. Sjå meir informasjon om rennet og hugs påmelding innan torsdag 15. februar kl. 23.55

Vestlandsmeisterskap og kretscupen

IL Korlevoll - Odda og Røldal IL laga til åpent Vestlandsmeisterskap på Korlevoll og Røldal i helga. Arrangørklubbane fekk besøk frå både sør og nord denne helga.

Viljarrennet søndag 4. februar

Viljarrennet går i klassisk teknikk i Voss ski og tursenter søndag 4. februar kl. 12. Ikkje nøl med å melde på. Me tilbyr også smøretips og hjelp for dei som treng.

Skisprell i Voss ski og tursenter

NB! Ny dato laurdag 17. februar. Det vert ein allsidig dag i Voss ski og tursenter når Hordaland skikrets i lag med hopp- og kombinertkomiteen inviterer til Skisprell med hopping, orgeltramp, skikross m.m. Sjå invitasjon.

KM-helg på Totræna

Arrangørklubbane Samnanger IL og TIF Viking laga til to gode Kretsmeisterskap i helga med laurdagens renn i klassisk teknikk og søndagens renn i friteknikk. Arrangørane styrte ikkje over veret og litt betre meldingar hadde nok gjeve betre deltaking.

KM helg langrenn på Totræna

Samnanger IL inviterer til KM klassisk laurdag 27. jan og TIF Viking inviterer til KM friteknikk - lang søndag 28. jan.  Begge renna går på Totræna i Samnanger.

se flere nyheter Vis alle nyheter
nif-epi04, 04