Kretslaget i langrenn 2024-25
Hordaland skikrets starta opp med kretslag junior i tett samarbeid med Voss gymnas våren 2023. Bankane Voss sparebank og Vekselbanken, samt konsulentselskapet Inventura har gjort satsinga muleg med økonomisk støtte gjennom sponsoravtalar. Hordaland skikrets har gjennom denne satsinga fått eit supert tilskot til vårt langrennsfellesskap.
Bakgrunn
Laget har som mål å bygge eit felles juniorlangrennsmiljø, som er åpent for alle. Laget er bygd opp rundt Voss gymnas med både gode trenarressursar og utnytting av ressursar som både tredemølle, treningsfascilitetar og minibussar for samlingsgjennomføring. Samlingsplanen til kretslaget er også tilpassa slik at det er perfekt å kombinere studieplass på Voss gymnas og deltaking på kretslaget.
Har du lyst å følge kretslaget, så vert det lagt ut bilder og rapportar frå samlingane og kvardagane for utøvarane på vår facebookside og på instagram under: kretslag_langrenn_hordaland
Hovudsponsor
På Voss har me to bankar som felles har gått inn og sponsa etableringa av dette viktige tilbodet for våre langrennsjuniorar. Det kunne ikkje vorte etablert utan denne støtta. Eit godt døme på samfunnsengasjerte bankar som her har slått seg i lag og saman bidreg til gode prosjekt. Me kunne ikkje vore meir takknemlege!
Delsponsor
Inventura er ein av våre sponsorar for kretslaget. Dei er spesialistar på innkjøpsdrivne verdikjeder. Dei leverer rådgivning til firma i alle bransjar i både privat og offentleg sektor.
Kretslaget er også takksame for viktige bidrag frå andre samarbeidspartnarar. Endeve sport er samarbeidspartner på innkjøp av ulikt slag.