
Kongepokal og medaljar i alpint
Våre alpinistar imponerer! Hans Grahl-Madsen Fana alpin vann NM i slalåm og fekk kongepokal. Madeleine Sylvester-Davik Tertnes alpin vann bronse under NM i storslalåm.
Våre alpinistar imponerer! Hans Grahl-Madsen Fana alpin vann NM i slalåm og fekk kongepokal. Madeleine Sylvester-Davik Tertnes alpin vann bronse under NM i storslalåm.
Hordaland hadde med ein god gjeng med unge alpinistar som fekk ei flott oppleving under Telenorlekene i Sogndal helga 28. - 30. mars. Det vart mange konkurransar og tettpakka med opplevingar undervegs for våre dyktige 13 - 14 åringar.
Det vart ei flott avslutning på sesongen når alpintklubbane samarbeida om kretsmeisterskap og finalen i kretscupen på Voss laurdag 15. og søndag 16. mars.
Tertnes alpin sitt renn utgår og vert erstatta av KM og Kretscup finale 15. og 16. mars. Renna vert dugnadsrenn der alle alpinklubbane stiller opp og arrangerer i lag. Flott initiativ av våre alpinklubbar.
Hugs søknadsfrist for vidaregåande skule 1. mars! Velg Voss gymnas med toppidrett ski som studietilbod. Topp tilrettelagt for langrenn, alpint, freeski og snowboard.
14. feb. arrangerte Samnanger IL kretsrenn som kveldsrenn i slalåm. Det var eit flott tilskot til rennprogrammet i alpint. Over 90 deltakarar boltra seg i bakkane i Eikedalen denne fredagskvelden. Sjå oppdatert poengstilling i kretscupen og oversikt over dei yngste si jakt på fullførtpremie med 5 startar i våre kretsrenn.
Neste veke: FIS renn i alpint! flunkande nytt turrenn på Mjølfjell! Ulvik IL sine rekruttrenn i hopp- og kombinert! - og premiere på i eit spildrande nytt skicrossanlegg med Ulvikarennet i crossvariant!
Sjå informasjon om overnatting /fellesopplegg for våre alpinistar og foreldre som skal til Hovedlandsrenn på Hafjell og Telenorlekene i Sogndal.
Fanarennet som fullførde ein dobbel i Bavallen fulgte opp forrige helg med nok ei strålande alpinthelg i det gode anlegget. Sjå resultat og samanlagtstilling i kretscupen.
Fanarennet i alpint 8. og 9. februar flyttast frå Eikedalen til Bavallen på grunna av snøforholda. Nye poeng å hente i kretscupen ,så hugs påmeldingsfristen torsdag 6. feb.